fredag 11. januar 2013

Morgonrutinar og kveldsrutinar, dag 11

På dag 11 er det komme til ganske mange punkt på morgonrutinane, iallefall i min heim ;) Morgonen er hektisk nok lell, liksom. Me har jo ganske greie morgonrutinar; står opp, dei som greier det sjølv, klær seg sjølv, eg klær på dei resterande ;) (jepp, gigantisk ungeflokk, neidå ;) ), me et frukost, eg lagar niste til dei som treng det. Dei legg det i sekkane sine, er det meir tid, ser dei TV til dei må gå. Dette er våre morgonrutinar dei dagane eg begynner seint på jobb, eller er heime.

På dag 11, er det komme til

  • stå opp og fikse seg (det gjer eg jo allerede, så det går greit)
  • sjå over gule lappar
  • lese litt på Big Tent gruppa (sjå på flylady sine sider)
  • snu negative tankar
Hittil er alt vel, men så kjem
  • jobbe med Hotspots i 2 min (på med timerern)
  • 5 minutts romreding, velge eit rom og plukke opp alt du rekk på 5 minutt
  • 15 minuttar decluttering kvar dag.
Altså bør eg stå opp 1/2 time før kvar dag. Dette er for såvidt OK dei dagane me står opp kl 7.30, men dei dagane eg står opp kl 6.00... Hmmm, dette er visst ein negativ tanke eg må jobbe litt med ;)

Kveldsrutiner er ganske OK på dag 11.
  • Shine vasken, noko eg har gjort nesten kvar dag i 11 dagar no. Var berre ein kveld eg slurva med det.
  • Finne fram klær til i morgo. Den må jobbast inn litt meir.
  • Jobbe med Hotspots. Det er ein grei kveldsrutine, som eg håpar eg får inn snart ;)
Elles har eg planar for kveldsrutinane mine: (Men dei kjem ikkje inn endå...) 
  • Rydding av barnerom; barnet sjølv er ansvarleg
  • Legge sammen alle tørre klær, ikkje la kle-korger verte ståande
I dag er forresten den første dagen eg har klart å knyte på meg sko! Måtte jobbe ei stund før eg var moden for den ;)

-Tek Tak-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar